Det blir mykje menn

Det er ein kjent sak at det blir mykje menn i norske avisspalter, også i dei avisene kor det er ei overvekt av kvinnelege skribentar.

Grunnane til det kan vere mange og kanskje er det eit gufs i frå gammalt av.
Me har sjølv stått og sett på sideoversikten på veggen og rista på hovudet, og sagt at det blei mykje menn på trykk denne gongen også.
Men ikkje denne veka. Kvinnene har bokstaveleg talt inntatt spaltene våre. Det handlar om kvinner som har drive ei av Tysværs mest kjende verksemder, «Minutten Grill» i mange år. Det handlar om listetoppane til både Venstre og Krf, som er kvinner med sterke meiningar. Det handlar også om Arbeidarpartiet som oppleve ein kvinneboom etter det politiske kvinnemøtet som var i haust. For å gå i detaljar så har me også reportasjar om dyktige kvinnelege musikantar og ei som har slått seg opp på rå mat. Gutane, for å kalle det det, tar seg av sporten og baksida.
Er det eit teikn, eller er det tilfeldig?
I Tysvær har me lange tradisjonar med kvinner i leiande stillingar både i politikk, idrett, kultur, skule og som samfunnsbærarar. Likevel er det menna som dominerar og som av ein eller annan grunn får mest merksemd. Det betyr likevel ikkje at norsk media ikkje lyttar, når desse engasjerte kvinnene har noko å melde.
Me kjem til å få eit godt døme på dette denne våren og sommaren, når dei politiske kvinnene skal utfolde seg i ein forhåpentlegvis heftig valkamp. Med kvinner på topp eller i toppen av alle listene er det lov å håpe på ein meir balansert valkamp, enn det me er vant til.
Så får me i media skjerpe oss då, og ikkje ringe til «han» som er nummer to på lista, berre fordi han er mann.
Eg veit at fleire ristar på hovudet av denne problemstillinga, men det er faktisk ein trussel på eit balansert nyhendebilete, at ein har ei kjensle av at menn slepp mykje lettare til. Dette handlar ikkje om likestilling, men om å gjere offentleg debatt så nyansert som muleg. Like fullt handlar det også om viljen til å stå fram, fronta saker og vere ei tydeleg kvinnestemme. Det er ikkje alltid så lett som det høyrest ut til.
Eg har snakka med fleire kvinner som er tydeleg meir redd for kva andre oppfattar, enn det kan virke som om menn er. Er det ein terskel der som me menn ikkje ser, men som me er med på å bygge opp.
I så fall er det noko som må vekk i det frie demokratiet som me lever i.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør