Espen Sørenes skåra fire gonger mot Kopervik 2 i kveld.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Sørenes skåra fire gonger mot Kopervik 2 i kveld.

Solid kamp av Falkeid

Falkeid vann i kveld 5-2 over Etne i vintercupen. Det i ein kamp som hadde det meste.

Falkeid kom svært godt i gong i etne og leia 3-0 før halvtimen var gått. Så slapp dei heimelaget inn i kampen. Etne fekk ein spelar utvist etter omlag ein time. Rett etter gjekk lyset på kunstgrasbanen i Etne og det blei ein liten pause.
Om det var det som vekka gjestane frå Troppene er vanskeleg å seie,men Stian Susort og Espen Sørenes punkterte kampen med to seine skåringar.
– Bra kampe, Espen?
– Ja, men eg synast ikkje me spele våras beste kamp, men at me gjør det så pass bra at me vinne med god margin. Godt at me ikkje reiser så långt for å tapa.
Dermed har Falkeid to tap og ein siger i årets Macron Vintercup.

Skjold møter i morgon SK Vats 94 på bortebane.

Faktaboks

Etne 2 (1)
Falkeid 5 (3)
Macron vintercup
Etne kunstgras
0-1 Sondre Voll (15)
0-2 Espen Sørenes (18)
0-3 Jan Egil Kallekodt (22)
1-3 Kristoffer Grønstad (34)
2-3 Sigbjørn Severeide (52)
2-4 Stian Susort (75)
2-5 Espen Sørenes (90)