Svein Terje Brekke og Kristine Aurdal toppar Krf-lista i Tysvær som omfattar 24 namn. Ein del rutinerte og ein del heilt nye namn.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Svein Terje Brekke og Kristine Aurdal toppar Krf-lista i Tysvær som omfattar 24 namn. Ein del rutinerte og ein del heilt nye namn.

Vil halde posisjonen

Krf har i dag både varaordføraren og fire representantar i kommunestyre. Slik vil dei ha det også etter valet.

Krf har hatt mange gode posisjonar denne perioden og har på mange måtar fått vere med på å prege den politiske kvardagen. Arne Kjell Askeland har vore sentral i teknisk utval og Håvard Førland har vore ein av dei fire i kommunestyret. Nå gir dei to seg og mykje av ansvaret blir på listetoppane Kristine Aurdal og Svein Terje Brekke.
– Det skal bli eit spanande val kor me skal kjempe for dei posisjonane me har i dag og kanskje klare å vinne nokre fleire veljarar. Me har fått ei godt samansatt liste kor gjennomsnittalderen er på 45,5 år, noko som i politikken er ei ung liste. Det er ein del veteranar, men også ein del spanande nye namn. Me trur at dette valet blir eit meir politisk val, enn det me har sett dei seinaste lokalvala, kor geografi og enkeltsaker har prega valkampen, seier Aurdal og Brekke.

Les heile saka i papirutgåva