Stegaberg 2 i raudt vann over Haugar 3. Hans Chr. Gustafsson og Øystein Jansen leverte bra innsats på midtbanen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stegaberg 2 i raudt vann over Haugar 3. Hans Chr. Gustafsson og Øystein Jansen leverte bra innsats på midtbanen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Siger i debutkampen

Stegaberg 2 skal spele i 7. divisjon denne sesongen. Detskal også Haugar 3. I kveld møttest dei til kamp på Frakkagjerd. Det enda med 2-1-siger til Stega 2, i ein spelemessig god kamp.

Etter ein svært jamnspelt 1. omgang tok det litt av i starten på den 2. omgangen. Remi Hansen og Thomas Lillesund skåra for heimelaget og 2-0 var godt betalt for å ha sendt laget litt høgare i banen. Men John A. Kulleseid ville ikkje la heimelaget få ro og reduserte for Haugar 3.
– Kjekt at me vann den første kampen vår og det var også kjekt at det blei mykje spel og ikkje berre kjemping. Begge lag ville spele fotball og det var lite frispark og tull. Det var rett og slett ein god treningskamp, seier Stegaberg-trenar Kristian Storesund.
Stegaberg 2 er ein kompisgjeng som tydlegvis har trent ein del i vinter. I periodar var det fart i ballen og god rytme i spelet. Litt ujamnt var det til tider, men hvis denne kampen er eit signal om kva nivå som er i 7. divisjon, så lovar det godt.
– Me fekk vist noko av det me har trent på og det var eit av måla i dag. Haugar var overraskande samspelte og gode og det blei ein jamn og tett kamp. Det er god stemning nå. Me er ein fin gjeng, og ein siger var akkurat det me ønska oss i debuten som Stega 2, smilar Storesund.

Meir om kampen i papirutgåva neste veke.

Faktaboks

Stegaberg 2 2 (0)
Haugar 3 1 (0)
Treningskamp
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Remi Hansen
2-0 Thomas Lillesund
2-1 John A. Kulleseid