Det blei eit lite antiklimaks for Sindre Gelius Eikje i dagens landskamp i Bærum.
Det blei eit lite antiklimaks for Sindre Gelius Eikje i dagens landskamp i Bærum.

Nedtur for Gelius Eikje

Det blei ein solid nedtur for Sindre Gelius Eikje etter gullet i NM sist helg. I Nordisk landskamp blei han sist.

Han sleit allereie på opningshøgda 1,90 og måtte ha to forsøk. Det same skjedde på 1,95. Og der var det også stopp. Då lista blei løfta til 2,00 meter kom ikkje førresbuen seg over.
Janic Klausen frå Danmark vann etter å ha svingt seg over 2,21 meter. Det var åtte deltakarar og dei to norske blei nummer sju og åtte.