Ecofisk AS søker om konsesjon for etablering av landbasert oppdrettsanlegg for laks på Espevik.
Ecofisk AS søker om konsesjon for etablering av landbasert oppdrettsanlegg for laks på Espevik.

Blei funnen med varmesøkande kamera

Laurdagens leiteaksjon i Aksdal fekk ein lukkeleg slutt. Mykje på grunn av eit varmesøkande kamera.

Etter at friviljuge og familie hadde leita etter den sakna kvinna i fleire timar, blei det rekvidert eit Sea King helikopter. Dette har eit slikt kamera ombord. Etter omlag 50 minuttar fekk dei treff i Alvanuten og kunne sende mannskap mot treffstaden.
Også ved tidlegare leiteaksjonar har ein nytta dette kamera, som kan vere ein skilnad mellom liv og daud.
Etter dei tilbakemeldingane me har fått fungerte også denne leiteaksjonen svært bra, og som sist ein leita i dette området, med eit positivt utfall.