– Kor blir det av bussane?

På siste møte i Fylkestinget var det sak om bussruter i Nord Rogaland, dette var ei sak som var sendt til uttale i dei berørte kommunane.

Ingen av uttalane som kom inn, vart det tatt omsyn til. Tvert imot, det vart avvist og lagt vekk. Då enda saken med politiske forslag i saken om traséval og enkelt ruter, er dette rette fora for slike detaljer, eller er det utslag av arroganse og overkjøring frå fylkesadministrasjonen.
Litt oppdatering
Etter ni år med anbodsopplegg på kollektivtrafikken i vårt område, må eit innspel om å vurdere opplegget være på sin plass. Med solid erfaring burde sjølvsagt Tide administrasjonen og sjåførar (f.eks teamleiarar) saman med Kolumbus lokalt i Haugesund, blitt trekt inn i dette. Men nei, her er det tydleg ikkje behov for lokal erfaring og kompetanse.
Når anbodet starta i 2006 opplevde me litt av det same som nå er planlagt omlegging. Den gongen hadde me innvendingar til omlegging og kutt av ruter i bybuss systemet, men til ingen nytte.
Nytt forslag vedtatt fra sommer 2015:
På distriktet skal Frakkagjerd/ Gamle Høieveg ut av rutetraseen, dette er det største utbyggingsområdet i Tysvær. På Skre/Kolnes skal bussen bruke skolens busslomme som snuplass og passasjerane på denne ruta skal få bussbytte på Amanda på veg til sentrum. Spanne – Kolnes blir tatt bort. Også dette området er et stort utbyggingsområde i Karmøy. Til/frå Bleikemyr skal alle bussene gå same veg, inn på Kvala og ut på Gard. I tilegg til dette er det fleire reduksjonar på andre ruter…
Det store nye i dette er at talet på bussar mellom sentrum og Amanda skal aukast, og kundar som bur i området Biltilsynet til Austmannavegen, og som skal til Amanda, får seg ein tur gjennom sentrum og så til Amanda (mykje for pengane).
Til hausten når skulane startar vil ein oppdage kva endringane fører til for skoleelevar, som har brukt ruter som nå blir tatt vekk.
Kor er politikarane våre i Fylkestinget/samferdselsutvalg?
Det nærmar seg nytt val. Eit av dei få emna som alle vil prioritere er kollektivtrafikk, i alle fall dersom programma stemmer med utført politikk. I vår del av fylket er det ikkje 1 meter kollektivfelt, heller ikkje har eg høyrt om planar for det. Det er nokre bussluser, ikkje alle av dei er i bruk heller.
For meg blir det då eit stort spørsmål, korleis kan me få fleire kundar på bussen? Alle innspel frå ulike kommunar i denne saken vart det ikkje tatt omsyn til.
• Effektive ruter som går raskast mulig, traséval
• Pris på periodekort
• Kutte ut bussbytte på bybussen. Gjennomgåande ruter nord/sør i bybussen
• Sette inn supplering for å holde rutetider, spesielt til/frå jobb
• Prioritere skoleungdom, ruter tilpassa skuletilbodet.
• Flytte info og Kolumbus-kontoret til rutebilstasjonen og være på tilbodsida
• Ta T-forbindelsen i bruk og tenke framover, kva med ein tverrforbindelse gjennom denne?
• Kolumbus må klare og samordne buss/båt, korrespondansar og like ruter på dei ulike dagane.
• For nattbussane klarte ein jo politisk å prise seg ut, ta tak i dette og få kundane tilbake.
Har også lurt på kvifor me i Nord Rogaland skal oppleve rutekutt og bruke store summer av rutekilometer til å dekke reduserte billettprisar og info. Skal ikkje satsing frå sentrale myndigheiter fordelast i vårt fylke?
Kolumbus er nå blitt AS, kor er styret i Kolumbus i ei så viktig sak?
Til slutt, dette var berre nokre få tankar om dette tema, det er ikkje for seint å snu, utsett den planlagde endring og spel på lag med lokale aktørar. Dersom alle drar laset i same retning er det lettare å nå felles mål.

Svein Terje Brekke
Lokalpolitikar og kollektivforkjemper