Om 11 dagar er det stengt

2. mars er ein dato dei fleste av oss bør merke seg med ein gong. Kanskje har du sett skilta i Førre og gjort dine refleksjonar om korleis det blir.

Kjører du større kjøretøy er det i alle fall på tide å gjere noko med kjørevanane dine.
For om 11 dagar stenger ein Førretunnelen. Personbilar slepp gjennom og får kjøre opp Førrebrekka. Dei store må rundt i T-sambandet eller ta turen rundt E39.
Nå er dette ei varsla stenging og difor bør det ikkje komme som eit sjokk på nokon, når teipen blir fjerna frå skilta og tunnelen blir stengt. Likevel blir det akkurat det. For me er skapt slik at sjølv om me bli åtvara i vekevis så glømmer me det litt ut, eller tenkjer at det går nok bra, og at det ikkje har noko å seie for meg. Men denne gongen vil ein merke det. Bilistane gruar seg, men aller mest gruar nok dei seg som bur på strekninga frå rundkjøringa på Frakkagjerd, til Førre skule via Førresdalen. Den «snarvegen» er allereie testa godt ut. Ein lesar i Granlivegen ringte ein kveld og fortalte om kø på veg nedover bakken mot skulen. Grunnen var at dei sprengte i det nye krysset, og at ventetida tydelegvis var for lang for travle bilistar. Og når denne vegen er så smal at det omtrent ikkje går to bilar i bredda, ja då blir det både kø og trafikkfarleg i bustadfeltet.
Nå er det slik at det er forbode å kjøre gjennom Granlivegen. Det er skilta og slik har det vore lenge. Likevel ser ein at det er andre reglar som gjeld når ein står i kø. Slik er det i Førre, slik er det på Haukeli når vind og snø lagar kollonnekjøring. Kanskje har me ein brytar i hovudet som slår seg på når me hamnar i kø. Då er det først meg sjølv og så meg sjølv igjen, som gjeld.
Førresdalen og Granlivegen er eit bustadområde med mykje ungar. Det er skuleveg for mange av dei som går på Førre skule. Me får krysse fingrane for at dette ikkje blir hovudvegen mellom Haugesund og Aksdal dei næraste månadane.
For den «nye» lovlege traseen er den gamle vegen opp bakken frå Førresbotn og inn på den nye vegstubben dei har laga i «andadammen». Der skal trafikkantane slusast inn på E134 igjen.
Og ein liten ting til. Då dei bygde det nedste Førrekrysset hadde fleire aviser og lokale TV-stasjonar innslag frå Tysvær, om bilistar som viste finger og skjelte ut folk som var på jobb.
Sjølv om ikkje alle ser viktigheita av desse kryssa, så må me kunne ha respekt for dei som jobbar med trafikksikring. Dette er prosjekt som er meldt inn, som er vurdert opp mot ulukkespunkt og vurdert slik at dei skal prioriterast. Det får me like eller ikkje.
Bruk vett, følg skiltinga og trekk pusten. 2. mars er ein merkedag i trafikkbilete i Førre-området.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør