Det har vore eit tett program for biskopen, som i dag har møtt både administrasjonen i kommunen og i tilsette knytt til kyrkja i Aksdal. Også ordføraren og fleire politikarar har vore med på møta.
– Det er alltid spanande å komme ut og snakke med dei som driv aktivt arbeid. Spesielt spanande er det å møte ordførarar og administrasjonen som leiar det viktige samarbeide som er mellom kommune og kyrkja. Det gjeld i barne- og ungdomsarbeid, og det gjeld i det viktige sorgarbeidet som er. Og eg må få seie at det eg har høyrt i dag, stadfestar det gode inntrykket eg sit med når det gjeld evna til samarbeid her i Tysvær, seier Pettersen.
I ettermiddag og kveld held visitasen fram med møte med Minisong og ein tur på ungdomskafé i Aksdal kyrkje.
– Eg håper eg treff på mange menneske under mitt besøk, for det å kunne sette seg ned og ha ein god dialog, er noko eg ser på som svært viktig. Me lev i ei tid med mykje dramatisk som skjer rundt oss. Da blir dialogen mellom menneske svært viktig, seier Pettersen.
Gode folk
– Kva trur du er nøkkelen til det aktive kristenlivet i vår region og kommune?
– Det er ein ting som skil seg ut og det er entusiasmen. Unge og gamle fungerar saman og skapar gode treffpunkt. Eg nyttar kvar sjanse eg har til å komme med skryt, for her er det mange gode folk som gjer ein kjempejobb. Både tilsette, men også dei frivillige. Under eit slikt besøk får ein eit godt inntrykk av nettopp dette, seier biskop Erling J. Pettersen, som avsluttar besøket med gudsteneste i Aksdal, sundag.