Av Mona Terjesen
I fjor la ein om reknemåten for opplaga til norske aviser. Nå skal det også takast høgde for nettrafikken. Derfor kan ein ikkje direkte samanlikne tala, men Bygdebladet kan notere seg ein oppgang frå i fjor, uansett tellemåte.
– Likevel vil eg påstå at me klarer å halde på leserane våre. Dei har dei siste åra vist at dei vil ha ei lokalavis som er tett på det som skjer i kommunen. Det har me tatt grep for å tilfredstille, gjennom ein auke både i talet på sider, og også på nettet. Me har heile tida oppfordra folk til å vere faste abonnentar, slik at Bygdebladet har ein solid plattform i dei tidene avisbransjen er inne i no. Og det ser ut at kampanjane våre når ut til tysværbuen, seier Kvalavåg.
Viktige
Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser seier dette om lokalavisa sin framleis sterke posisjon blant lesarar og annonsørar:
– Lokalavisene er framleis lim og lupe i lokalsamfunnet. Avisene våre byr på relevant og viktig journalistikk om det som folk er opptekne av i nærmiljøet sitt. Lokalavisa er framleis like aktuell, uansett om ho kjem ut på papir eller i kombinasjon med digitale pakkar. Eg meiner lokalavisa blir lest og brukt – rett og slett fordi avisene jobbar godt i og med lokalmiljøa sine, seier Rune Hetland.