– Eg har allereie fått mykje god respons, og det gjer godt etter at ein har hatt eit så strekt fokus på ei sak så lenge som dette. Det freistar også til å gå i gang med ei ny, seier  Bjørg Marit Baustad Grastveit
– Eg har allereie fått mykje god respons, og det gjer godt etter at ein har hatt eit så strekt fokus på ei sak så lenge som dette. Det freistar også til å gå i gang med ei ny, seier Bjørg Marit Baustad Grastveit

Når slektsgransking blir spennande bøker

Eigentleg skulle det vere ei slektsbok til dei næraste. Men når historiene blir så gode som i soga om Gudmund Landråk, ja då må fleire få tilgong.

Boka som har tittelen «Skipper med gullband» kjem etter fire spanande år i jakta på slekta og då spesielt Gudmund Landråk. Han blei fødd i Myrå i Hindrå sokn i 1883. Og mykje om boka er knytt til livet, utfordringane og historia knytt til Nedstrand, og til draumar som ein hadde.
– Eg skriv i boka at eg er ingen forfattar, men at eg har noko på hjarta som det er viktig for meg å formidle. Og denne historia om bestefar er sjølvsagt eit slag portrett av han og familien, men også eit historisk vitnebyrd om gutedraumar og livsmot, seier Bjørg Marit Baustad Grastveit.
Spanande
Ein ting er å granske i slekta, noko heilt anna er å gi det ut i bokform.
– Det har vore ei fire år lang og spanande reise kor stadig nye ting dukka opp. Eg kom over ein masse spanande dokument, som gir eit godt bilete av korleis det var. Så er det vel alltid slik at ikkje alt er som ein trur. Det har vore historier som har gått frå munn til munn og det er spennande å følgje i spora av dei, seier Baustad Grastveit som mellom anna har vore fleire gonger i USA på jakt etter nye fakta.
Ho har alltid vore interessert i slekta og dette er den andre boka ho gir ut.
– Eg blir gripen av den nære forhistoria vår og det er på ein måte så nært, men likevel så fjernt. Det eg håper med boka er å gi eit inntrykk av korleis det var med dei som hadde ein draum om å reise ut, til sjøs eller til Amerika. Min bestefar var ein bestefar med stor B. Han ar ein som eg har mange gode minne frå. Kombinasjonen av desse minna og all den fakta som eg har funne, gjer at eg er svært godt nøgd med boka. Den gir ikkje berre eit bilete av han som person, men om denne typen personar frå denne tida. Og dei var det nok mange av. Foreldra mine kjem frå Nedstrand og eg har mange minner der i frå. Dei passa også godt i boka, smiler forfattaren.
Boka si sterke lokale tilknyting og kvalitetsmessige solide innhald gjer også at den kvalifiserte til stønad frå Tysvær Historielag.
– Eg har allereie fått mykje god respons, og det gjer godt etter at ein har hatt eit så strekt fokus på ei sak så lenge som dette. Det freistar også til å gå i gang med ei ny, seier Bjørg Marit Baustad Grastveit.