Frakkagjerd som spelar saman med Hauge frå Haugesund var i aksjon tidleg i dag. Dei speler i 3. divisjon janitsjar.
Etter festkonserten i kveld blei det klart at korpset blei nummer fire med 84 poeng. Dirigent var Ståle Stendahl.
– Dette var det aller første RM me har vore med i og det var ein positiv oppleving for oss alle. Me hadde med 15 musikantar og har eit samarbeid med Hauge. Stemninga var høg etter å ha spelt i storsalen i konserthuset, seier leiar i korpset Heidi Elisabeth Høie.
Sandved Skolekorps vann klassen med sine 90 poeng.
Sveibuen Håvard Liknes som speler i Førre Musikkorps fekk andre plass i solistkonkurransen i den eldste klassen. Han spelar Euphonium og var berre eit poeng bak vinnaren Morten Hamra (klarinett).
I dem midterste klassen kom Førre sin Jan-Magnar Andersen Gard på 5. plass. Han spelar Xylofon.
Er det nokon som vil dele bilete med oss frå dag 1 i Stavanger så send dei gjerne på [email protected]