Etter ei solid gjennomføring av stykket «Mountain Views» av Bertrand Moren begynte ventetida på resultata i Stavanger sitt flott konserthus.
– Me har gjort så god me kunne og eg meiner det var svært høgt nivå på framføringa. Men ein veit aldri, sa musikant Kjetil Djønne, som hadde vore med og valt ut årets stykke.
Tysvær Bygdeblad hadde aliert seg med Frank Roger Haukås Eikeland som ekspert under dagens konkurransar. Han har tidlegare spelt i Førre og vore instruktør for Tasta og Jåtten, to av dei hardaste konkurrentane.
– Dette tar Førre heim. Dei var best i dag og dei vinn framføre Tasta. Det er noko eige med Førre-sounden og den fekk dei fram i dag. Eg trur det blir Tysvær-jubel, sa Haukås Eikeland og fekk heilt rett.
For då dommarane hadde oppsummert og vurdert ferdig vann Førre med 91 poeng. Tasta blei nummer to med 90 poeng og Vardeneset nummer tre med 87 poeng.
– Det er ein lettelse i heile gruppa nå etter at dommarane har sagt sitt. Me hadde trua og var svært revansjesugne på fjorårets tap, med eit halvt poeng. I dag satt det som det skulle og eg hadde ei god kjensle då me gjekk av scena. Alt det me har terpe og øvd på satt og me var stolte over prestasjonen. Me vann 1. divisjon i brass-fylket Rogaland og det er sin sterk prestasjon. Nå ventar NM i juni og dette var akkurat den motivasjonen me trengte for å gå i gang med øvingane til det. Nå har me det godt, sier dirigent Jakob Birk.
MERK NY TID: Korpset kjem til Førre skule omlag klokka 20.00 om det skulle vere nokon som har lyst til å ta i mot….
Grinde skulemusikkorps blei nummer sju i 4. divisjon med 87 poeng. I går blei Frakkagjerd/Hauge nummer fire i 3. divisjon i janitjarklassen. Dei fekk 84 poeng. Dirigent var Ståle Stendahl.
Meir om helgas RM i papiravisa på torsdag.
Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/03/07/den-store-rm-helga/