Tysværdelegasjonen med  ordførerkandidat Sigmund Lier, nestleiar Gunnar Buvik og Lena Sørenes   Foto: Alan G Thompson
Tysværdelegasjonen med ordførerkandidat Sigmund Lier, nestleiar Gunnar Buvik og Lena Sørenes Foto: Alan G Thompson

Årsmøte i Rogaland AP

Rogaland Arbeiderparti gjennomførte sitt årsmøte sist helg. Delegasjonen frå Tysvær la i sine innlegg særleg vekt på Borgøysambandet, skulefritidsordninga(SFO) og utfordringar knytt til opphogging av utrangerte oljeinstallasjonar.

INNSENDT:
Representantane frå Tysvær Arbeiderparti nytta høvet under Rogaland Ap sitt årsmøte til å ta opp Borgøysambandet. Me han ikkje godta at Borgøy vert gløymt av fylkeskommunen. Lena Sørenes trekte fram det Tysvær Ap meiner er forskjellsbehandling frå Rogaland fylkeskommune. Me må sikre ei meir rettferdig drift av båtransporten til veglause øyar, sa blant anna Lena Sørenes. Sørenes trekte i sitt innlegg fram behovet for dei fastbuande, næringsdrivande på øya, i tillegg til Borgøy som ein viktig fritidsplass.
Tysvær tok i årsmøtet også opp SFO. Det er eit stort behov for søskenmoderasjon og makspris i SFO. Det må også sikrast søskenmoderasjon mellom barnehage og SFO , sa Gunnar Buvik i sitt innlegg. Tysvær Ap ynskjer å snu trenden også i eigen kommune der mange barn går heim til tomme hus. Regjeringa knepper igjen på overføringane til kommunane, noko som blant anna også går utover SFO tilbodet. Ipad og TV må byttast ut med eit betre SFO tilbod.
Offentleg kommunikasjon til veglause øyar og utgreiing av makspris til SFO vart vedtatt i ein elles stor og omfattande uttale frå årsmøtet.
Tysvær Ap hadde også eit forslag om å betre reguleringa av næringa med demontering av utrangerte oljeinstallasjonar. Sigmund Lier foreslo at all demontering må skje på land. Yrkjesfjorden er ein viktig fiskefjord som må sikrast saman med resten av Ryfylkebassenget. Rogaland Ap sitt årsmøte sendte denne saka til styret for vidare arbeid.
Arne Chr Mohn frå Haugesund vart valt til leiar i Rogaland Ap. Sigmund Lier, Tysvær og Simon Næsse, Karmøy, vart begge valt inn som vararepresentantar til styret. Det var god stemning under årsmøtet med god debatt og stor enighet.

Sigmund Lier, Tysvær AP