Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.

Med utsikt over alt som skal skje i Aksdal

Mange tysværbuar har selt sin einebustadar og er på veg inn i blokka «Utsikten» i Aksdal. Ut gjennom panoramavindauga vil dei få med seg alt som vil skje i kommunesentrum i åra som kjem.

BYGG & BU:
Dei aller fleste som nå har begynte å gjere seg klar til flytting har berre flytta internt i kommunen. Litt nye innbyggarar har det komme til Tysvær, men «Utsikten» har vist seg som eit svært attraktivt kompleks for dei som vil vekk frå store hagar og hekkar som må klippast.
– Eg vil ikkje seie at eg er overraska, men svært mange av dei som nå i april flyttar inn i leilegheitene er frå Tysvær. Det er gledeleg å konstatere at dei har fått selt sine hus og at Tysvær er attraktivt for eigedomsmarknaden. I desse dagar jobbast det på spreng med å gjere alt ferdig og det vil vere innflytting i trinn ein, heilt fram mot sommarferien, seier Kjetil Alvheim i Odd Hansen Prosjekt.

Dyktige og heldige
I 24 av dei 36 leilegheitene kan ein nyte utsikten allereie frå april av.
– Korleis har gjennomføringa av «Utsikten» vore, Alvheim?
– Me har vore både dyktige og heldige og har klart å halde den tidsfristen, som me hadde lova kjøparane. Gode avtalar med underleverandørane, solid framdrift og i tillegg eit godt byggevêr, har gjort at me har klart å følgje timeplanen. Lite frost i vinter har gjort at me har hatt ideelle forhold til grunnarbeidet og det er sjølvsagt ein faktor me ikkje kan kontrollere. Nå er me snart i mål med trinn ein, og det me ser oppe i lia, er me svært godt nøgde med.
– Nå har Odd Hansen prosjekt fleire liknande prosjekt på Haugalandet. Kva har ein lært av dette?
– For oss er dette med slike bygg ein ny erfaring. Me har i løpet av dei siste åra nå gjennomført liknande utbyggingar, mellom anna i Beverskaret i Haugesund. det me ser er mellom anna at det er viktig at det er rom for litt kjøparane. Det gjeld både i innreiing, men også i romløysingar. Mykje er sjølvsagt standard i ei terrasseblokk som dette, men eg tru ingen av leilegheitene er heilt like. Dei erfaringane me gjer oss nå er gode å ta med vidare i neste trinn som startar snart, seier Alvheim.
– Korleis var det å selje desse leilegheitene, som på mange måtar er det største bustadprosjektet av sitt slag i Aksdal?
– Dei 10-11 av dei første 18 i salstrinn 1, røyk rett ut om eg kan bruke det uttrykket. Så gjekk det meir jamt og då me la ut dei 18 siste gjekk det rimeleg greitt unna. Alle er nå selt, så me må kunne seie oss storfornøgde med salet. Men det hadde me venta, midt i Aksdal, som tross alt er sentrum i Tysvær. Skal me nytte oss av slagordet til eigedomsmeklarane, som er plassering, plassering og plassering, ja så innfrir vel «Utsikten» absolutt det.