Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

– Bør vere opne for fleire løysningar

Rådmannen anbefalar at kommunen utreier fleire samanslåingsalternativ og at innbyggarane får vere med å uttale seg. Tysdag skal formannskapet ta stilling til det vidare arbeidet med kommunereforma.

Av Mona Terjesen
Neste veke er det altså formannskapet som skal få uttale seg, og 24. mars gjer kommunestyret eit endeleg vedtak i saka.
– Det vil vere viktig å skape eit folkelig engasjement i denne saka, derfor bør me legge vekt på å skape ein dialog med innbyggarane, dei tilsette og organisasjonslivet i kommunen, seier Arvid S. Vallestad, og ber politikarane vere opne under strukturutreiinga.
– No, før oppstarten av sjølve utreiingsarbeidet, bør Tysvær ha ei nysgjerrig og open haldning, og ikkje berre sjå på ei avgrensa samanslåingsløysning, påpeiker han.
I vedtaksforslaget sitt, som formannskapet skal stemme over på tysdag, rår Vallestad politikarane til å vere opne for å «saman med flest mulig kommunar på Haugalandet, utarbeide ein muligheitsstudie for ein storkommune». Og samtidig utreie mindre samanslåingsalternativ. Han foreslår tre alternativ:
– Alternativ 0: Vidareføring av dagens kommunegrenser.
– Alternativ 1: Storkommuneløysning som minst omfattar ytre Haugalandet.
– Alternativ 2: Samanslåingsløysningar med Bokn, Sveio, Vindafjord og Etne.

Les meir i papiravisa.