Kristoffer Mæland og Nedstrand vann sin første kamp etter fire år med venting. T.v. Stega 2-spelar Øystein Jansen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristoffer Mæland og Nedstrand vann også den 2. seriekampen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fire års ventetid er over

Omlag 100 kampsugne tilskodarar fekk sjå Nedstrand a-lag gjere comeback i kveld mot Stegaberg 2. I ein kamp kor begge laga hadde sine sjansar vann heimelaget 2-0. Det skapte god stemning, for å seie det mildt.

Fire år utan a-lag var glemt då Stegaberg 2 kom på besøk på den nye flotte kunstgrasbanen i kveld. Heimelaget kunne fort fått ein trist start på kampen då dei burde både fått straffe og raudt kort mot seg før fem minuttar var gått.
I ein spelemessig litt svak 1. omgang var det noko av det mest dramatiske som skjedde.
– Det tok litt tid før me var skikkeleg inne i det og det bar vel heile kampen litt preg av. Men me kom godt i gang, var litt heldig med den der straffesituasjonen og vann vår første treningskamp. Det får vere godkjent. Så får godspelet komme etterkvart, sa Kristoffer Mæland.
Etter pause blei det meir og meir Nedstrand og stemninga på tribunen var skikkeleg god då Olav Runsetad sendte dei i leiinga omlag 20 minuttar før slutt. Då Tor NAdré Eskevik punkterte kampen kvarteret seinare kunne dei spasere inn til sin første seier.
– Me må begynne på nytt og difor er slike kampar viktige for oss. Nå ventar SK Vats/Skjoldar 94 og Karmsund 2 før seriespelet tar til. Dette var ein god erfaring for oss å bygge vidare på.

Skuff
For Stegaberg 2 var kampen ein skikkeleg nedtur. Lite fungerte og då kreftene tok slutt var det sluttkjørt. Men dei er mange og dei har store mulegheiter til å få på plass eit slagkraftig lag til serien tar til.
– Ikkje kjekt å tape for desse i det heile tatt. Men me gjer ein del feil som me blir straffa for. Likevel var det kjekt å komme inn her og spele for så mykje folk. Sånn må me få det på Stegaberg også, sa Øystein Jansen.

Meir om comebacket til Nedstrand i papiravisa.

I ein treningskamp mellom Trott og Stegaberg vann Stegaberg 2-1. Begge måla på Stord blei skåra av Vemund Eskevik.
– Me mange mykje folk og hadde marginane på vår side. Dette var ein kamp med høg lagmoral og skikkeleg «go» i laget, konkluderar trenar Thormod Ness.

Faktaboks

Nedstrand 2 (0)
Stegaberg 2 0 (0)
Treningskamp
Nedstrand stadion
1-0 Olav Runestad (71)
2-0 Tor André Eskevik (83)
Dommar: Petter Mortveit, Skjold
Tilskodarar: Omlag 100