– Meir slik, seier Venstre-trioen Kjetil Alvheim, Torunn Vestbø Gjerde og Ali Alidani.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Meir slik, seier Venstre-trioen Kjetil Alvheim, Torunn Vestbø Gjerde og Ali Alidani.

Venstre vil på (kunstgras)banen

Fotball er og blir idrett nummer ein i Tysvær. Fleire hundre ungar trener og speler kamper kvar einaste dag. Men, det er for lite plass.

Stegaberg IL har i fleire år jobba med planer om ein kunstgrasbane til. Grasbanen deira er ein del av eit friidrettsanlegg og kan ikkje leggast om. Nå får dei politisk draghjelp frå Venstre, kor fleire av klubben sin medlemmer står på vallister denne hausten.
– Me har også tidlegare hatt fleire kunstgrasbanar i vårt program, men nå ser me at spesielt Frakkagjerd-området må løftast fram. I dag er det registrert 50 aktive lag i klubben, og dei står som sild i tønne på treningsfeltet. Det me nå vil sikre oss, er både at det sett av areal til ein kunstgrasbane i kommuneplanen for dette området, og at det blir gitt dei midlane kommunen bruker å bidra med i slike prosjekt, seier Torunn Vestbø Gjerde.

Les heile saka i papirutgåva.