Skjermbilde 2015-03-17 kl. 13.06.54

– Eit stort NEI til storkommune!

Tysdag låg kommunestruktursaka på formannskapet sitt bord. Etter forslag frå AP, stemte fleirtalet mot å utreie ei storsamanslåing.

Av Mona Terjesen
– Me må løfte blikket vårt, ikkje berre sjå korleis me har det no, men korleis me ser for oss at ungane og barnebarna våre skal ha det i framtida. No må me vere opne og finne ut kva plussar og minusar det er med dei ulike alternativa, sa ordførar Harald Stakkestad (H), fånyttes – då kommunestruktursaka blei behandla av formannskapet tysdag formiddag.
Kutta Haugesund
Som Tysvær Bygdeblad skreiv førre veke, er det no opp til politikarane å avgjere korleis Tysvær skal jobbe vidare med utreiinga av kommunestrukturen. Denne veka gjorde formannskapet sitt vedtak, og på tysdag neste veke er det kommunestyret sin tur. Då blir saka endeleg bestemt.
I formannskapet la rådmann Arvid S. Vallestad fram sitt forslag, der han rår politikarane til å vere opne for å «saman med flest mulig kommunar på Haugalandet, utarbeide ein muligheitsstudie for ein storkommune». Og samtidig utreie mindre samanslåingsalternativ. Han la fram tre alternativ:
– Alternativ 0: Vidareføring av dagens kommunegrenser.
– Alternativ 1: Storkommuneløysning som minst omfattar ytre Haugalandet.
– Alternativ 2: Samanslåingsløysningar med Bokn, Sveio, Vindafjord og Etne
Men det gjekk ikkje Vallestad sin veg. I staden gjekk fleirtalet for eit forslag fremma av Sigmund Lier og Arbeidarpartiet;
«Tysvær kommune ønskjer ikkje å delta i utarbeidinga av ein muligheitsstudie for ein storkommune på Haugalandet. Kommunen vil legge til rette for ein open og demokratisk prosess, der lokale og regionale behov skal vere avgjerande», slik byrjar vedtaket.
Deretter følgjer tre samanslåingsalternativ;
– Alternativ 0: Vidareføre Tysvær slik som i dag. Og greie ut interkommunale løysningar dersom det er oppgåver som rådmannen meiner kommunen ikkje klarer å gjennomføre åleine.
– Alternativ 1: Samanslåingsløysning med Bokn
– Alternativ 2: Samanslåingsløysning med Bokn, Vindafjord og Etne
– Alternativ 3: Samanslåingsløysning med Bokn og Sveio
I tillegg blei det tatt med eit punkt som seier at innbyggarane i Tysvær skal vere sikra brei medverknad – gjennom ein eventuell folkeavstemming.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/03/19/nei-til-karmoy-og-haugesund/

Les meir i papirutgåva.