Nei, til Karmøy og Haugesund

Formannskapet i Tysvær er kommunen si styringsgruppe i arbeidet med kommunereforma. Tysdag sa dei nei til å gå vidare for ein storkommune, som inkluderer dei to store naboane i vest.

Mot Høgre sine tre stemmer sa dei nei til Haugesund og samrøysta kutta dei vekk Karmøy.
Då står ein att med to alternativ, slik me ser det. Aleine. Eller saman med naboane Etne, Vindafjord, Bokn og Sveio i ei eller anna form.
Overraskande?
Nei, ikkje i det heile tatt. Stemninga i Tysvær har vore nokså samstemt lenge nå. Bokn har vore eit alternativ, men så mykje meir, er det få som har tatt til orde for.
Eit viktig tilleggspunkt, som blei med i fleirtalsvedtaket, er at ingenting skal avgjerast, utan ei folkeavstemming. Innbyggarane si meining skal vege tungt.
Det er litt vanskelegare å forklare kvifor ein har slik skepsis til kommunane vest for oss. Karmøy er kanskje lettast å skjøne motstanden mot. Ein ser ikkje noko trong for å samarbeide meir med dei, enn ein kan gjere gjennom eit interkommunalt samarbeid. Det trur eg begge kommunane godt kan klare uansett korleis Noregs-kartet ser ut om ti år.
Verre er det med byen «vår» Haugesund. Dei har rota seg inn i noko dei nok ein gong ser det er vanskeleg å komme seg ut av. Kommuneøkonomien er ein ting, debatten rundt sentrum ein annan. Dei mest profilerte politikarene der, vekker heller ikkje all verden av lyst til samarbeid. Problemet for Tysvær Høgre er at Høgre styrer det meste både på Karmøy og i Haugesund, utan at det har komme fram at dei styrer i same retning. Eg kan garantere at det sit Høgre-folk i Tysvær og ber i sitt stille sinn, at heile kommunereforma skal gå over. Fordi det er vanskeleg allereie, før det er komme skikkeleg i gong. Korleis skal dei framsnakke regjeringa sine planer, når det er både vanskeleg og uoversiktleg å komme med kva som er målet langt der framme?
For ei veke sidan skreiv me på leiarplass at folk generelt sett ikkje ligg vakne om nettene på grunn av kommunesamanslåingsdebatten. Engasjementet er svakt og dei som brenn for saka, har ein stor jobb å gjere. Kommunen si styringsgruppe har nå gitt sitt svar til rådmannen som skal jobbe vidare med dette, og det er eit svar som gjer jobben på ein måte lettare. Likevel vil han og lokalpolitikarane i tida som kjem møte mange spørsmål og krav.
Me vil ha det minst like bra som nå. Me vil utvikle oss vidare som kommune, aleine, eller saman med dei nemnte småkommunane. Me vil ha politikarar som meiner det same som oss, og som me kan stole på i den vidare debatten. Tysvær er blitt fanga av at me veit kva me har – og ikkje kva me får. Neste steg i denne prosessen må vere å få svar på det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør