Vamp kjem til Tysværtunet 26. oktober. Merk deg datoen. Foto: Håkon Nordvik
Vamp kjem til Tysværtunet 26. oktober. Merk deg datoen. Foto: Håkon Nordvik

Vamp og Øystein Sunde til Tysværtunet

Det blir ein heilnorsk haust i Tysværtunet. Kjende og kjære artistar står i kø for å underhalde. Både Vamp og Øystein Sunde står på plakaten.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Årets haustprogram er heilnorsk, og for mange ei rekke med kjende og kjære artistar som dei gjerne kan høyre på om og om igjen.
– Me er godt nøgde med programmet vårt, og kan ønske velkommen tilbake til artistar som har vore her før med stor suksess. Vamp startar haustturnéen sin, og kjem til Tysværtunet den 26. Oktober, til ein av dei aller første konsertane på turneen. Sist dei var her fekk dei terningkast seks, og mange har sagt at det er noko av det mest fantastiske dei har vore på, her på kulturhuset. Eg er sikker på at Vamp blir eit av høgdepunkta denne hausten, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
«Meget i sløyd»
Ein annan kjær artist som har selt ut Tysværtunet tidlegare er Øystein Sunde. Den munn- og fingerrappe musikaren har dei siste åra hatt stor suksess med framsyninga «Meget i sløyd».
– Det blir garantert fullt hus og stor stemning når Øystein Sunde kjem tilbake. Han kjem den 11. september og startar på mange måtar haustkonsertane våre. Personleg er eg svært godt nøgd med at me klarer å lande ein så kjend og kjær artist.
Ein annan kjend norsk artist med stor suksess dei siste åra, er Ingrid Bjørnov. Ho har med seg ei blanding av musikalsk standup og historietime når ho reiser rundt. Til Tysværtunet kjem ho midt i oktober, heilt aleine.

Heile programmet er omtalt i dagens papirutgåve.