Butikksjef Petter Mortveit ved Spar Frakkagjerd. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Butikksjef Petter Mortveit ved Spar Frakkagjerd. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Tre karar på jakt etter øl

Like før midnatt gjekk innbrottsalarmen på Spar, Frakkagjerd. Ein vektar kom raskt til og tilkalla politiet. Resultat: Tre karar fekk med seg litt øl, politiet fekk med seg ein video av god kvalitet.

Tidlegare har internasjonale bandar tatt seg inn i Spar-butikken til Petter Mortveit. Denne gongen er han rimeleg sikker på at dei tre, som var inne, har postadresse på Haugalandet.
– Politiet fekk med seg ein digtalfilm av det som har skjedd, og det er ikkje vanskeleg å kjenne igjen, i alle fall ein, av dei som er på filmen. Og skal eg tolke samtalen på staden, var dette ikkje eit heilt ukjent ansikt, seier Mortveit.
Øl
Dei tre som tok seg inn via ein lagerport raska med seg det dei klarte å bære og forsvann frå staden omlag klokka 23.30, natt til i dag. På grunn av ein svær port er det ikkje muleg å kjøre inntil butikken, når det er stengt.
– Dei har klart å opne sjølve lagerporten, har utløyst alarmen, tatt det dei klarte og forsvann. Store mengder var det ikkje snakk om uansett, og skadane var ikkje verre enn at eg klarte å fikse det meste, før eg kjørte heim igjen, forklarar butikkeigaren.
Nå har han anmeldt det heile.
– Ja, dette er eit eit innbrott og skadeverk. Sjølv om det ikkje er snakk om store mengdar, så ser me svært alvorleg på det. det mest gledelege med det heile er at våre sikkerheitskamera fungerar og at utrykkinga både frå vektaren og politiet var rask og effektiv. Me har sikra butikken etter at me hadde ein bande på besøk for nokre år sidan. Det har fungert, seier petter Mortveit.
Tjuvane var ikkje inne i sjølve butikken.