Tysvær Krf. og kommunestruktur

Arbeiderpartiet ved Sigmund Lier framstiller det som om Tysvær Krf. er for ein storkommune på Haugalandet ut frå lesearinnlegg i TB.

Tysvær Krf. har i heile prosessen om kommunereform vore klare på at Bokn, Vindafjord og evt. Sveio er dei aktuelle kommunane å diskutere med, dersom dei er interesserte. Å slå seg saman med Haugesund har ikkje vore eit aktuelt tema i Tysvær Krf.. Dette har heile tida vore Krf. si innstilling og det står vi framleis fast på.
Grunnen til at vi stemte for fellesforslaget frå H, Frp. og Venstre var at St. melding 14. nettopp er lagt fram. Rådmannen har fått i oppdrag å gå gjennom stortingsmeldinga og leggja fram ei sak på grunnlag av denne før me tar stilling til utgreiing med andre kommunar enn Bokn. 0-alternativet som er Tysvær kommune slik den er i dag med interkommunalt samarbeid vil og bli utgreid i forhold til dei nye oppgåvene kommunane får. Rådmannen vil og leggja fram vedtaka frå dei andre kommunane. Da vil det komme fram kva for kommunar som ønsker ei utgreiing av ei samanslåing med Tysvær. Ut fra dette må vi ta stilling til videre arbeid med kommunereformen. Endelig vedtak om forslag til eventuelle nye kommunar kjem først i juni 2016.

Kristine Aurdal,
Gruppeleiar Tysvær Krf.