Familien Hustveit Moe har tenkt å omsette gåvekortet frå Tysværtunet på 1.000 kroner i kino. Mathias, Thea og Gro henta kortet hos oss etter å ha funne 13 påskeharar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Familien Hustveit Moe har tenkt å omsette gåvekortet frå Tysværtunet på 1.000 kroner i kino. Mathias, Thea og Gro henta kortet hos oss etter å ha funne 13 påskeharar.

13 påskeharar var rett svar

Det var 13 påskeharar som var gøymt i vår påskeavis. Ein av dei var litt vanskeleg å finne, berre spør trekløveret i familien Hustveit Moe.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Me fann først 12, men så sjekka me eit par gonger til og då fann me ein som var i eit bilete. Kjekt å leite, kjekt å finne, og kjempekjekt å vinne eit gåvekort på Tysværtunet, seier Mathias, Thea og Hanne Gro Hustveit Moe.
Familien på Garhaug er glade i å besøke kulturhuset og har allereie fått med seg mykje kjekt i 2015. Nå ventar meir.
– Trur neppe dette gåvekortet blir særleg gammalt. Ungane er glade i kino og teater. I år er det filmen «Home» som har vore den store slageren, seier mamma Gro.
– Det er kjempekjekt å gå på kino. Eg skal snart i bursdagsselskap der borte, og då skal me sjå «Home» igjen. Det blir kjekt, smilar Mathias.
– Konkurransar er kjekt og me har vunne litt før også. Gåvekort som me kan bruke til å gå på kino er det aller beste, seier Thea og tar eit godt grep om kortet.
Tysvær Bygdeblad takkar alle som har sendt inn svar i konkurransen.