Arvid Stokkenes har engasjert seg sterkt for ei utbygging av Padlane 2. Nå er det komme eit langt steg vidare.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Arvid Stokkenes har engasjert seg sterkt for ei utbygging av Padlane 2. Nå er det komme eit langt steg vidare.

Frå sild i Førde…

Arvid Stokkenes har følgt ein raud tråd gjennom heile sitt liv. Sjølv som politisk blå representant for Høgre. Livserfaringar frå kaien i Førde via delelager i Haugesund, til arbeidet som informasjonsteknologiekspert, for både Statoil og Gassco, har alltid komme godt med for 65-åringen.

Arvid Stokkenes kjem frå Førde i Sveio, eller rettare sagt Vestre Vikebygd kommune. Langt frå byen og langt frå Førland. I alle fall for snart 66 år sidan. Den gongen var kaien i bygda samlingsstaden for dei fleste, spesielt når større skip kom innom. Og ein ung Stokkenes var ikkje redd for å ta i eit tak. Enten som hjelpegut, eller som ein av mange som fekk prøve seg med å legge sild, lag på lag i tønner.
– Det er muleg eg var like mykje i vegen som til hjelp, men eg har gode minne frå sild og kaien i Førde. Aktiviteten på kaien var på mange måtar unik, og eit pulserande hjarte i samfunnet. Eg har vakse opp med jordbruk og fiske, og me såg ikkje på Haugesund som vår nabo. Me var meir sunnhordlendingar, som såg nord- og austover. Sjølv nabobygda Sveio var det mange som hadde eit «tungt» forhold til, og mange har det framleis. Min nå 91 år gamle far, kjører heller til Aksdal og henter medisinar, enn til Sveio, smiler Arvid Stokkenes.

Arvid Stokkenes er vekas portrett i papiravisa.

Der har me også sett nærare på kven som gir seg i Tysvær-politikken.