– Me gjorde mykje feil i første omgang og det var mykje meir springing i dag enn kampane før i vinter. Men etter målet blei det litt betre. Difor var det trist at han der Mortveit fekk springe inn 1-1, meinte Sindre Herland.
Snudde
Like etter pause var det den andre midtstopparen, som fekk kjørt seg. Mortveit fekk ballen midt på banen, tok eit par finter og sprang frå Espen Helgeland akkurat like lett, som han parkerte makkeren før pause. Så blei han skadd, tusla av banen og kampen snudde.
– Det blei ein ny kamp då han forsvann. Me la om til tre bak og fekk etablert eit press. Elias Kerchaoui fekk eit nytt kjempetreff og kampen var i våre hender. Til slutt fekk me sigersmålet, og det var ei utruleg god kjensle, etter ein rotekamp, sa trenar Bjørn Arne Steinsland.
Og dagens helt blei Mats Steinsland. Han heada inn eit innlegg i lengste hjørne og Skjold vann serieopninga.
– Eg såg ballen komme, men det var så mange Skjold-spelarar i køen, at eg ikkje trudde ballen ville komme fram til meg. Men den kom, eg trefte godt og me vann. Eg kjente det ville bli bra då ballen trefte meg i hovudet. Det var rett og slett herleg, gliste Steinsland.
Viktig
I ein kamp som var prega av Mortveit og nye fantastiske Skjold-mål, var tre poeng godt betalt for Skjold. Det florerte i feilpasningar og tidvis var det dårleg stemning. Men mål snur på det meste i fotball. Det fekk me sjå i kveld. Og for dei omlag 100 som møtte fram, blei det ein sjåverdig, om ikkje glitrande fotballkamp.
Meir om kampen og spelarbørs i avisa neste veke.
Faktaboks
Skjold 3 (1)
Torvastad 2 (1)
4. div. avd 3.
Grinde kunstgras
1-0 Aleksander Gundersen (39)
1-1 Kenneth Mortveit (45)
1-2 Kenneth Mortveit (52)
2-2 Elias Kerchaoui (86)
3-2 Mats Steinsland (90)
Dommar: Ole P. Grindheim, Haugar
Tilskodarar: 100
Skjold: Bern Olav Nådland, Oddbjørn Halvorsen, Espen Helgeland, Christian Askeland, Jonas Staurland, Elias Kerchaoui, Aleksander Gundersen, Mats Steinsland, Sindre S. Herland ( Ole J. Sakere frå 70.), Hilberg Nemeth og Vegard Steinsland.