Kor er me vaksne?

Det er med stor skuffelse å måtte melde at ungdommar på Frakkagjerd kjeder seg så mykje, at dei lar det gå utover det som er mitt og ditt.

På sin ørkenlause vandring frå Høgahaug til ungdomsskulen, riv dei ned og knuser det meste dei kjem over. I ei tid kor me, berre i vår avis, har spaltemeter med aktivitetar for liten og stor, så er det nokre som heilt tydeleg fell utanom alt det som skjer.
Eg har sjølv møtt på slike typar. Enten sittande på utsida av Sparbutikken på Frakkagjerd, kor dei griser og leiker seg med mat dei har vore inne og handla. Eg har møtt dei på ungdomsskulen, om kvelden lenge etter at andre har gått heim. Syklande, på syklar som seinare blir slengt i grøfta langs hovudvegen.
Me har dessverre ikkje sett dei når dei knusar leikehytter til barnehageungar, fotballbingar, som mange barn og unge nyttar kvar dag, eller når dei riv ned det som dei finn på si ferd. Nå håper politiet at nokon har sett, og at nokon kan melde ifrå, slik at ein får sett ein stoppar.
Desse karane har sjølvsagt føresette. Kanskje sit dei heime og reknar med at poden er ute, og er med på positive aktivitetar som dei aller fleste andre. Og det har dei god grunn til. Det er for lengst slutt på den tida at ein kan skulde på fritidstilbodet i Tysvær. Det er variert, det er moderne og det er ikkje minst svært inkluderande.
Det dei føresette ikkje veit er at herjingane nå begynner å bli så kostbare at rekninga som kjem, fort kan vere sekssifra. Rampestrekar koster stadig meir, og nå er det heile ute av kontroll.
Så det er kanskje lurt å ta ein sjekk heime allereie i kveld. Stille dei vanskeleg spørsmåla, om kva ungdommane dine gjer. Vise at du er litt nysgjerrig på det som skjer i gata, spørje om nokon veit noko.
Om nokon trur at kommunen godtek at kommunal eigedom blir utsett for slike skadeverk som nå, så tar dei feil. Me snakkar om dyre gjerder, som er knekt ned. Dyre aluminiumsbommar, som er blitt knekt opp, og vindauge som er knust med stein.
Eg meiner at slik oppførsel ikkje har sin plass i Tysvær lenger. Dei føresette må ta eit like stort ansvar for barna og ungdommane, som lag og foreiningar gjer. Me har faktisk ingen andre enn oss sjølv å skulde på lenger. Me snakkar ikkje om liv og helse fordi nokon knusar og herjar, men me snakkar om respekt.
Respekt for kvarandre, men også respekt for dei som bruker time etter time på å vere ein aktivitetsleiar i fritida si.
Nå må me som er vaksne, stå fram som nettopp det. Me må våge å stille spørsmål og krav.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør