Surfing på Bokn. Tysvær Blandakor speler konsert på Bokn, torsdag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Surfing på Bokn. Tysvær Blandakor speler konsert på Bokn, torsdag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Surfar til Bokn med amerikanske hits

Tysvær Blandakor skal på kveldstur til Bokn. Med amerikanske slagerar og mykje godt humør skal folk på Bokn få vere med på ei historisk reise.
Det å komme heim til Bokn på torsdag er heilt spesielt for nokre av songerane.

Dermed kan også eit par av medlemma i koret invitere til konsert på heimebane. Dei har lenge hatt lyst til å ta turen, saman med koret, til heimlege lokaler.
I auditoriet på skulen kjem Tysvær Blandakor til å kjøre showet dei hadde i Tysværtunet tidlegare i vår.