Av Alf-Einar Kvalavåg
– Det er alltid ein prosess når ein må flytte frå det som ein kjenner og er trygt, til ein ny stad. For å gjere overgangen best muleg har me styrka staben i ein overgangsfase. Heile prosessen, frå me hadde eit opent møte i desember, via samtalar med både pasientar og pårørande nå i vår, har handla om å gjere denne flyttinga best muleg, seier omsorgssjef Annbjørg Lunde.
Ombygginga på Tysværtunet skal mellom anna bli til ein ny korttidsavdeling, og base for utetenesta. Den skal stå ferdig i august. Talet på rom i Aksdalstunet er nå 33, og Lunde er glad for at ein ikkje har venteliste eller er nøydt til å ha pasientar på dobbeltrom.
– Dette er ein prosess som starta så langt tilbake som i 2012, kor Agenda Kaupang var inne med råd om korleis me kunne drive meir effektivt i åra framover. Me har store utfordringar i framtida i Tysvær når det mellom anna gjeld brukarar over 80 år, og me har mange som ønskjer å bu lengst muleg heime. Dette er ytterpunkt i eit tenestetilbod, som me må vere klar til å serve, seier omsorgssjefen.
Les meir i papirutgåva