Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er fire kvinner og tre menn som ønskjer å ta over etter Linda Risanger.
Et par av dei har link til Tysvær frå før.
Dei som har søkt er i alfabetisk rekkjefølgje:
Tone Hatteland (56) som i dag er avdelingsleiar i Arendal kommune, men kjem frå Ølen.
Inger Jorund Kvamme (53) er i dag undervisningsinspektør på Frakkagjerd barneskole.
Joakim Lund (36) frå Haugesund, er i dag sektorleiar i administrasjon og internasjonalisering.
Inger Postvoll (49) frå Haugesund er i dag adjunkt med tilleggsutdanning.
Elise Røher (56) frå Haugesund og er i dag pedagogisk vegleiar.
Helge Storstein (39) jobbar i dag på Vormedal skole som adjunkt m/opprykk. I Tysvær også kjent som tidlegare kaptein og spelar for Stegaberg.
Ronny Valdersnes (44) frå Haugesund, er i undervisningsinspektør.
Den nye rektoren skal vere på plass på skulen 1. august.
Der er ingen søkjarar som denne gongen har bedt om å få vere anonyme.
Disse vil bli rektor
Det er komme inn sju søknadar til rektorstillinga på Frakkagjerd Barneskole.