Askeland ny leiar i Falkeid IL

Anette Askeland er valt inn som ny styreleiar i Falkeid IL. Med dette, vert ho den andre kvinnelege hovudstyreleiaren i Falkeid IL si historie. Olav Askeland er vald inn som leiar i fotballstyret.

Sidan Falkeid IL vart stifta i 1963, har breiddeklubben FIL stort sett hatt menn i førarsetet, unntaka var i 1993 då Jorunn Tveit Bakken var styreleiar, og førre onsdag då det ekstraordinære årsmøte valde inn Anette Askeland som ny leiar i klubben. Anette Askeland er ei driftig dame som til dagleg jobbar i Securitas, som vaktleiar på Kårstø. Anette gler seg til å ta fatt på arbeidet som styreleiar, og veit at det er ein meget velfungerande og driftig klubb med mange engasjerte menneskjer som gjer ein framifrå jobb. Ho legg vekt på at det vert spennande å jobbe med planane for idrettshallen, som klubben ønskjer å få på plass snarast råd. Det nye hovudstyret, består for øvrig av Maria Schille som er ny i klubben, tidlegare styreleiar Arne Høyvik (2003-2006), Bjørn Lindanger, Odd Arne Hemmingstad og Gro Sørensen.

Det skriv klubben på si heimeside.