Av Alf-Einar Kvalavåg
Dei i underkant av 50 eigedomane rundt Sagbakken har ikkje kommunal kloakk. Dei har tankar i hagen og delvis heimelaga overvatnsystem. Det kommunale kloakksystemet stoppar ved ungdomshuset Heimtun, 1,5 kilometer lenger nede i Førlandsbygda.
– Me har i mange år snakka om at det hadde vore viktig for alle som bur her, å få på plass eit kommunalt kloakknett. Men uansett kven me snakkar med på rådhuset, så hjelp det ikkje. Det har komme opp private initiativ, men det viser seg å vere vanskeleg å få gjennomført. Derfor har me nå ei bøn gjennom lokalavisa om at dei ser på kloakken til Sagbakken ein gong til, seier den pensjonerte læraren.
Les heile saka og les også kva ordføraren svarar i papiravisa.