Av Mona Terjesen
Har du vore på kamp på kunstgrasbanen til Stegaberg siste halve året, så har du antakeleg også lagt merke til den flotte kiosken idrettslaget har fått, like ved banen. Kiosken, er ikkje som i dei fleste tilfelle; snikra saman på dugnad, men ei gåve frå Norgeshus.
– Me ønskjer å støtte opp om lokalmiljøet. No har me gitt Falkeid det same tilbodet, dei skal ta det opp i styremøte. Me skal også bygge kiosk i Sveio, fortel Einar Hesthammer som er dagleg leiar i Norgeshus i Førresfjorden.
Kiosken, som stod ferdig på Frakkagjerd september i fjor, har ein verdi på rundt 300.000 kroner. Hesthammer meiner at fleire bedrifter burde støtta lokalmiljøet.
– Heilt klart. Me bør alle bidra der me kan. Så må næringslivet hugse at dei får noko igjen sjølve også, det er jo ein stor marknadsverdi å vere sponsor, nikkar han.
Dagleg drift
Hesthammer og kollega Dag Frode Tønnesen viser oss korleis kioskbygget kjem til å bli, når det er heilt ferdig på innsida.
– Det kjem til å bli både utstyrsrom og kiosk. Det er langt å gå frå klubbhuset og opp hit med fotballar og utstyr kvar gong ein skal ha kamp eller trening. Dette gjer heilt klart situasjonen lettare for laga, seier Tønnesen.
Trass i at ikkje alt er klart på innsida har altså kiosken allereie vore i bruk sidan i fjor haust.
– Me hadde han klar til Stegacupen. No er planen at me skal vere ferdig med alt og ha bygget i full drift innan 17. mai, fortel dei to.
– Kva er målet med kiosken?
– Alle kampar det er tilskodarar, vil han vere open. Til no har ein måtta handle nede i klubbhuset og tatt med seg opp hit. No slepp ein det. I tillegg ønskjer me at han skal brukast i det daglege. At foreldre som er på trening med ungane sine skal kunne lage seg ein kopp kaffi. At det blir ei form for sjølvbetening, fortel Einar Hesthammer.
Lettare situasjon
Dei to herrane, som begge er over middels engasjert og interessert i fotball, etterlyser ikkje berre fleire sponsorar som opnar pengesekken, men også fleire frivillige.
– Det er mange som er skikkeleg flinke å hjelpe til. Dei gjer mykje på dugnad. Men det er stort sett dei same som går igjen, det er ikkje heilt rettferdig. Alle som er involvert i idrettsklubbar, har eit ansvar. Fleire kunne definitivt bidratt meir, nikkar Hesthammer og Tønnesen.
No ser dei fram til fleire cupar, kampar og treningar på kunstgraset på Frakkagjerd, med både ballrom, utstyrsrom og kiosk i nærleiken.
– Eg er sjølv trenar i klubben, og veit at eg kjem til å ha god nytte av dette bygget, seier Hesthammer.
– Me har fått mange positive tilbakemeldingar. Ingen tvil om at dette lettar situasjonen for mange, kommenterer Tønnesen.
– Det kan faktisk vere dette som skal til for at fleire vil trene lag også. Det er klart det har vore eit ekstra stressmoment å måtte transportere utstyret kvar gong ein skal på trening og kamp, avsluttar Dag Frode Tønnesen og Einar Hesthammer.

Spanderte kiosk til 300.000
Norgeshus meiner fleire næringsbedrifter bør ta på seg sponsorbuksene og gi til lokalmiljøet. Sjølv har dei spandert ein kiosk til 300.000 på Stegaberg IL. No står fleire for tur…