Mathea Hauge Håland på Stegaberg skåra fleire mål mot Åkra. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Mathea Hauge Håland på Stegaberg skåra fleire mål mot Åkra. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skåringar i bøtter og spann

1. mai-cupen i handball er godt i gong i Sysco Arena. Ein treng ikkje vente lenge på skåringane, for spillesugne ungar frå heile Haugalandet let seg ikkje be to gonger når det er cup.

Falkeid, Skjold og Stegaberg står saman bak den populære handballcupen og alle tre klubbane har vore i aksjon i dag.
– Det er knallkjekt å vere på handballcup, og me har spelt mange kampar. Akkurat nå spelte me mot Åkra, som var gode til å snappe ballen, og å skåre mål. Me har også skåra mykje mål, smilte Mathea Hauge Håland på Stegaberg J 9 mix.

Har du lyst til å sjå unge talent på handballbanen, så skal det vere kampar langt utover ettermiddagen.

Meit om cupen i avisa på torsdag.