Christian Askeland og vegard Steinsland skåra begge mot Sola 2. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Christian Askeland og Vegard Steinsland skal tre turer til sør-fylket neste år. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold med storsiger

Skjold vann heile 4-0 over Sola 2. Ein svak og ein god omgang var nok.

– Det var litt merkelig at det var 0-0 til pause. Dei hadde to-tre megasjansar på daudball, ein redning på strek og litt klabb å babb. Me hadde eit skott av Aleksander Gundersen i innsida av stanga og ut. heldigvis var det betre etter pause og me skåra nokre fine mål og hadde ein del fine angrep, seier Christian Askeland, som sjølv fastsette sluttresultatet til 4-0.
Glenn Fjellet fekk sjansen frå start i dag og kvitterte med ein skåring. Dette meinte han om kampen:
– Eg også meiner det var ein kamp med mykje sjansar. Det var litt daft i første omgang, men me såg at dei blei slitne, og det fekk me jo mykje igjen for i andreomgang. Det tok litt tid før begge laga kom seg inn i kampen. Likevel hadde me innsats og vilje nok, så då blei det siger til oss til slutt, seier Fjellet.
Dermed bytter Skjold og Sola 2 plass på tabellen.

Meir om kampen og spelarbørs på torsdag i papiravisa.

Faktaboks

Skjold 4 (0)
Sola 2 0 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Glenn‬ Fjellet (49)
2-0 Vegard
 Steinsland (63)
3-0 Aleksander
 Gundesern (83)
4-0 Christian
 Askeland (88)
Domar: Roy Pedersen, Torvastad