Falsk alarm i kyrkja

Det blei torsdag kveld meldt inn at fleire brannbilar sto like ved Førre kirke. Vitner sa dei ikkje såg nokon røyk eller eld. Brannbilane forlet staden klokka 23.30. Det viste seg å vere falsk alarm.

– Dei gjekk og lyste rundt kyrkja med lommelykter, meldte ein som ser ned på kyrkja.
– Det stemmer. Me har nå sjekka ut det som viser seg å vere ein falsk alarm og trekk oss tilbake, opplyser brannvesenet i Aksdal.
Dei hadde også eit oppdrag i Vindafjord. Der var det eit hus i nærleiken av Liarheia som det var brann i og kor det var trong for tankbilen frå Tysvær brannvesen.
Det kan sjå ut som det har vore fyr i ein fryseboks i kjellaren i det huset, som er blitt påført røyskader. Fem personar budde på adressa, men ingen skal vere skadd.