Folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle og radonmålingsansvarleg Ole-Johnny Espevold går gjennom dei siste tala som er komme inn. Tiltak gir gode resultat og grunn til optimisme.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle og radonmålingsansvarleg Ole-Johnny Espevold går gjennom dei siste tala som er komme inn. Tiltak gir gode resultat og grunn til optimisme.

Kommunen tar grep

Tysvær kommune er utsett for radonstråling. Nå gjer kommunen eit omfattande kartleggingsarbeid og gir samstundes ut informasjon til dei som ønskjer det.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det har lenge vore kjent at Frakkagjerd og Nedstrand har mykje radon i bakken. Gassen som er luktfri smyg seg inn gjennom opningar og sprekker i bustadar, og kommunale bygg. Kor høge verdiar som finnest vil ein nå gjere ein omfattande jobb for å kartleggje.
– Er det farleg å bu i Tysvær med tanke på dei høge radonverdiane?
– Nei, kjem det kontant frå Ole-Johnny Espevold, radonmålaransvarleg i drift og vedlikehald.
Han har nå ansvaret for å kartleggje og gjere tiltak for å få ned dei verdiane som er over dei grensene som Statens Strålevern har som retningsliner.
– Likevel er det målt verdiar over 200 Bq/m3 og der har me allereie starta ein prosess med å få talet ned. Me har ansvaret for offentlege bygg og der kor me har gjort grep allereie er i Nedstrand barnehage, på Grinde skule og på Førre skole. Ingenting dramatisk, men eit forsøk på å få talet ned, seier Espevold.
Radonbrønn
Eit av tiltaka er å montere såkalla radonbrønnar.
– Det ein gjer då er at ein kjerneborer omlag 30 centimeter ned i bakken, monterer ei vifte og sug ut radonet og slepp den ut i friluft. Til no har me gjennomført 25 slike monteringar og resultata ser svært lovande ut, seier Espevold og viser grafikk frå barnehagen i Hinderåvåg.

Les heile saka i papirutgåva

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/07/radonspokelse/https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/07/radonspokelse/