Radonspøkelse

Tysvær ligg slik til at me har høge forekomstar av radon. Denne luktfrie gassen, som lurer seg gjennom sprekker og hol, og inn i rommet.

Kvart år blir det konstatert omlag 300 lungekrefttilfelle her i landet som kan knytast opp til radon.
Kor farleg den er, og kor mykje som må til av radon for at me snakkar om kritiske målingar, er faktisk ikkje godt å seie. Les ein på nett vil ein sjå at tala i Tysvær stort sett held seg på pluss – minus det som Norsk Strålevern har sett som godkjende verdiar. Andre stader snakkar ein om målingar så høge at ein lurer på om det er muleg.
Tysvær kommune har nå fått ein oversikt som viser at vår kommen ligg på ei stripe på kartet kor ein er spesielt utsett for radon. Då er det godt å høyre at ein tar det på alvor med ein gang. Eit omfattande kartleggingsarbeid er allereie godt i gong. Kommunelegen har gjort sine grep og gitt sine instruksar. Det er oppretta ein radonmålingsansvarleg og helsekoordinatoren er på banen for å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
Spørsmålet ein er; Kor ille er det?
Svaret på det er ille, men slett ikkje så ille at ein bør gå rundt å vere engsteleg. Ein har allereie gjort tiltak, mellom anna i ein barnehage, som viser at ein raskt kan få ned for høge verdiar i romma.
Spørsmål to er om kommunen tar dette på alvor?
Svaret er ja. Etter å ha fått informasjon frå dei som driv med dette kartleggingsarbeidet, så virke det svært godt organisert og profesjonelt gjennomført så langt. At ein i tillegg vektlegg å følgje opp målingar over tid er også noko som vitnar om at dette vil ein ha kontroll på. I tillegg er det også eit positivt signal at politikarane umiddelbart fann 500.000 kroner til oppstart av montering av såkalla radonbrønnar. Det er desse brønnane som til nå har gitt best resultat.
Spørsmål tre er om det er noko ein kan gjere sjølv?
Svaret på det er også ja. Ein kan sjølv gjennomføre målingar i perioden oktober til mars. Tysvær kommune kjem til hausten med eit tilbod til innbyggjarane når det gjeld det å gjennomføre slike målingar. Gevinsten av det er at ein får eit endå breiare resultat til å handsame i databanken dei nå har starta.
Dei skular og barnehagar som nå har fått påvist høge radonmålingar har alle gjort grep. Ein venta med å ta i bruk dei romma med høgaste verdiar til ein har fått lufta godt ut. Tetting av sprekker og hol, samt lengre intervallar med ventilasjonsanlegg i drift, har gitt positive svar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør