– Eg var heilt sikker på at eg ville bli utvist, men han hadde ein eller anna merkeleg vurdering av at det berre var frispark, sa ein ærleg Olav Askeland. Ikkje nok med at Askeland skulle ha hatt ein tidleg dusj, også Sondre Voll gjorde sitt til at Vemund Eskevik blei stoppa med fri veg mot mål.
Eskevik hemn
Likevel skulle Stegaberg sin toppskårar få hemn åtte minuttar før slutt. Aleine med keeper Daniel René Mikkelsen plasserte han ballen mellom beina og i mål.
Frå då av og ut skjedde det mykje. Kjell Åge Kallevik kom inn for Stegaberg og sette klubbrekord. På overtid var Espen Sørenes i aksjon. Han prøvde å skåre på eit brassespark, men mislukkast. Domar Warren hadde igjen ein svært spesiell oppfatting, og dømte straffe.
Olav Askeland var det som sto nærast.
– Var det straffe Askeland?
– Neppe.
– Det var en heftig diskusjon. Kva var det som blei sagt?
– At ein eller anna vor borti han. Vel, det var eit tvilsamt straffespark som Espen skåra på, og då trudde eg på eit poeng.
Etter kvart fekk me tak i Sørenes også.
– Var det straffe?
– Nei det var ikkje straffe. Ropte ikkje på noko heller, så sjønner ikkje kva han blåste for. Men var fult fortjent, når han blåse offside på målet vårt, som ikkje var offside, seier Sørenes om hendingane på overtid
Ein ny helt
Men kampen var ikkje slutt. Fem minuttar på overtid klarte Stegaberg å skape ein skikkeleg målsjanse. Gabriel Johnsen Noriega fekk to sjansar frå ti meter.
– Eg missa på den første, men ballen la seg fint til rette og det var berre å plassere den i hjørne. Utruleg herleg å slå Falkeid. Eg kjenner eit par av spelarane godt og det skal bli kjekt å treffe på dei etter dett, smilte unge Gabriel Johnsen Noriega.
Falkeid har berre seg sjølv å takke for at det blei tap. I ein periode i andreomgang hadde dei eit tosifra tal på målsjansar utan å få ballen i mål bak Kristian Storesund. Dei fekk hjelp av domaren, men mot eit hardt arbeidande Stegaberg var ikkje det nok. Dermed er Stegaberg framleis på tabelltoppen.
Mykje meir frå slaget på Troppene i papiravisa neste veke.
Ølen slo i kveld Leivik 5-0 og er dermed på 2. plass.
Stegaberg toppar med 12 poeng, Ølen har 10
Falkeid er nummer seks med 6 poeng
Faktaboks
Falkeid 1 (0)
Stegaberg 2 (0)
5. div. avd. 3
Troppene gras
0-1 Vemund Eskevik (82)
1-1 Espen Sørenes (str. 90)
1-2 Gabriel Johnsen Noriega (90)
Domar: Warren Wade, Karmsund
Tilskodarar: 75