Alexander Kolstø Våge hadde ikkje dagen i Tysværtunet. Når kroppen seier nei, nyttar det ikkje å vere sterk. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexander Kolstø Våge hadde ikkje dagen i Tysværtunet. Når kroppen seier nei, nyttar det ikkje å vere sterk. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Alexander var ikkje heilt i form

Alexander Kolstø Våge var ikkje heilt i form, då Rogalandscupen gjesta Tysværtunet i dag. Då blei normale vekter tungt.
– Ikkje kjekt dette, men eg kjem sterkare tilbake, sa Kolstø Våge.
Men for Zekiye Nyland blei det ein ny stor dag i hallen.

Alexander Kolstø Våge er det fremste Tysvær-håpet i vektløfting for tida. Men når kroppen ikkje vil, nyttar det ikkje å vere råsterk.
– Eg var uvel og svimmel og hadde ikkje sjans på 106 kilo i støyt, noko eg mellom anna klarte på Sandane sist. Trist men slik er det, seier den sympatiske løftaren i Tysvær Vektløftarklubb.
Han enda på 75 kilo i rykk og 97 kilo i støyt.

Glis
Zekiye Nyland derimot var eit stort smil etter konkurransen i Tysværtunet. Ho klarte elitemerket etter å ha fått opp 70 og 85 kilo i dei to øvelsane.
– Eg er ekspert på konkurransar. Då tar det skikkelg fyr. Dette var kjekt, utalte Nyland.
Også Stefan Hauge løfta for arrangørklubben. Han fekk opp 107 og 122 kilo, og støytresultatet er ny pers for bergensaren.

Meir om stemnet i papiravisa.