Forskingsrådet lyser no ut ein konkurranse med støtte til innovasjonsprosjekt. Bedrifter frå alle næringar, både små og store, kan no søkje i same søknadsrunde og til same tid. Det gjer det enklare for næringslivet å finne aktuelle program og ordningar.
– Eg ønskjer å leggje til rette for å sikre arbeidsplassar og å skape nye. Vi må utvikle eit næringsliv som vi kan leve av i framtida. Satsing på forsking og innovasjon bidreg til å styrkje konkurransekrafta i næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland.
Norsk økonomi må omstille seg i åra som kjem. Oljenæringa vil ikkje lenger vere ein like stor motor for vekst, og nye næringsområde må vekse fram. Miljøutfordringane krev også at vi utviklar ny teknologi. I tillegg blir økonomien påverka av internasjonale handelsmønster, arbeidsdeling og demografisk utvikling.
– Norsk næringsliv møter heile tida betydelege utfordringar som krev omstilling. Regjeringa sitt mål er å leggje til rette slik at næringslivet kan utvikle seg. Fornying og nyskaping er nøkkelen til økonomisk vekst, seier Mæland.
– Kunnskap skal bli det viktigaste norske konkurransefortrinnet i åra som kjem. Derfor er det viktig at vi satsar stort på forsking og innovasjon i næringslivet. Dei 900 millionane som vi no lyser ut vil bety mykje i utviklinga av ny kunnskap og nye produkt, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet.
Regjeringa har styrka innsatsen som gjeld forsking og innovasjon i næringslivet. Budsjettet for forsking og utvikling (FoU) er i år på om lag 30 milliardar kroner. Berre frå Nærings- og fiskeridepartementet går i overkant av to milliardar kroner til Forskingsrådet. Regjeringa har auka satsinga på innovasjon og næringsretta forsking med rundt 220 millionar kroner i 2015.
Innlegget er sendt inn av Nærings- og fiskeridepartementet