Vi har nok ei markering i september, men den offisielle opninga blir ein gong i november, fortel prosjektleiar Abjørn Opedal i Statens vegvesen.
146.000 arbeidstimar
Anleggsarbeidarane i Skjold har jobba på spreng sidan anleggsstarten i august 2013. Over 146.000 arbeidstimar er lagt ned i prosjektet. Alle konstruksjonar er no ferdig bygde.
Naturstein pregar prosjektet. Natursteinmurane er mange og flotte – naturens byggeklossar bryt opp og pyntar. Prosjektleiar Opedal er oppteken av kvalitet.
– Det skal sjå skikkeleg ut, og vere praktisk å vedlikehalde for ettertida, seier han.
Vegprosjektet E134 Skjoldavik-Solheim i Vindafjord kommune i Rogaland omfattar bygging av totalt 2,8 kilometer ny E134, med midtdelar. I prosjektet inngår også to tunnelar; Vikanestunnelen er 270 meter. I tillegg kjem ein 90 meter lang miljøtunnel i forlenging av tunnelen, totalt 360 meter. Den andre tunnelen i prosjektet, Eggjatunnelen, er rundt 320 meter lang.
Seks bruer
Vest for Eggjatoppen er det bygd eit nytt kryss i to plan og ei rundkjøring. Her skal dei eksisterande vegane i området koplast på E134.
Hovudentreprenør Vassbakk & Stol har også bygd seks køyrebruer. Den lengste er 60 meter lange Flotbrua.
Prisen for heile prosjektet er rundt 430 millionar kroner.
E134 Skjoldavik-Solheim er eit prosjekt i Haugalandspakken. Haugalandspakken skal gi ei standardheving av dei to viktigaste transportårene gjennom regionen: E134 mellom Haugesund og Etne og riksveg 47 gjennom sju kommunar.
Innsendt av Statens Vegvesen