Espen Helgeland skårar sit første av tre mot Vegard Østebø og Skudenes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Helgeland scoret mot Tasta. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.09.07
Bilde 2 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.22.19
Bilde 3 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.22.29
Bilde 4 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.22.35
Bilde 5 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.22.45
Bilde 6 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.22.55
Bilde 7 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.23.04
Bilde 8 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.23.09
Bilde 9 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.23.14
Bilde 10 av 11
Skjermbilde 2015-05-13 kl. 21.23.28
Bilde 11 av 11

Full kontroll i «måtte vinne kampen»

Skjold spelte ein sterk 1. omgang og skåra fire mål. I andre roa dei ned tempoet litt og let Skudenes få sine sjansar. Totalt sett hadde dei gulkledde full kontroll. – Viktig å vinne slike kampar, seier tremålskårar Espen Helgeland.

Det var kampen kor ein for alt i verda ikkje måtte undervurdera motstanderane. Skudenes ligg sist, men det har skjedd større sensasjonar i fotball, enn at heimelaget kunne rota det vekk. Mats Steinsland og Vegard Steinsland sørgja for at dei nervar som var, forsvann med to mål på femten minutt.
Og bak mykje av det positive me såg i 1. omgang sto Jonas Staurland for. Denne gongen som motor på midtbanen.
– Var kjekt å få prøve seg i den rolla. Me fekk mykje rom og tid, og då var det berre å kjøre på. Trur ikkje eg har sprunge så mykje før i år. Nå kjenner eg det godt i beina, sa Staurland som auka til 3-0 og var banens beste spelar.
Viktig
Trenar Bjørn Arne Steinsland koste seg i sola i Grinde.

Me skulle ut og vinne denne kampen

– Me skulle ut og vinne denne kampen. Dei løyste spelarane på ein god måte. Me var litt redusert mannskap i dag, men dei som spelte gjorde akkurat det dei skulle. 7-1 er me svært nøgde med, sa Skjold-trenaren.
Ein av dei som var på «høgget» i kveld var Espen Helgeland. Eit mål i 1. omgang blei følgt opp med to til etter kvilen.
– Alltid kjekt å skåre hattrick, men mot slutten var det mykje rart. Men som dei seier her, dette var ein kamp me måtte vinne, og det løyste me bra. Nå ser me fram mot kampen mot Avaldsnes neste veke. Det er ein kamp begge laga gledar seg til, sa Helgeland.
Skudenes var med i ein kort periode like etter pause. Då hadde dei tre store sjansar og kunne med litt hell ha redusert til 3-4. Men dei var rett og slett ikkje gode nok i begge endar av banen.

Meir om kampen og spelarbørs i neste papiravis.

Kos deg med denn mens du ventar… https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/

Kampfakta

Skjold 7 (4)
Skudenes 1 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Mats Steinsland (5)
2-0 Vegard Steinsland (15)
3-0 Jonas Staurland (21)
4-0 Espen Helgeland (39)
5-0 Glenn Fjellet (62)
6-0 Espen Helgeland (str. 80)
6-1 Jens B. Hansen (83)
7-1 Espen Helgeland (87)
Domar: Paul Kaldheim, Kopervik
Tilskodarar: 40