Her skulle det vore eit synleg gangfelt. Vegvesenet lover å gjere noko på Frakkagjerd.  Foto: Mona Terjesen
Foto: Karina Søvik

Får overhaling

Bebuarar på Frakkagjerd etterlyser meir synlige gangfelt. – Dei kjem, lover Statens Vegvesen.

Av Mona Terjesen
For sju år sidan jobba Statens Vegvesen hardt og målretta for å få bukt med slitne og dårleg merka gangfelt. Det blei særleg iverksett tiltak for å gjere gangfelta meir synlige på strekningar med 60-grense. Skilting, merking og opphøying var noko av det som blei gjort.
Likevel er det i dag, sju år seinare, framleis mange gangfelt som knapt er synlige på grunn av slitasje. Tysvær Bygdeblad har siste vekene fått telefonar frå bebuarar i kommunen, som er bekymra på grunn av dette. Eitt av tilfella er på Frakkagjerd, på strekninga forbi Spar og avkjøringa til Sysco.
Marianne Stokkebø frå Statens Vegvesen fortel at dei må fikse gangfelta kvart år, og at sesongen er i gang no.
– Ja, vegmerkesesongen starta 1. mai, og entreprenøren reparerer etter lister. Tysvær kommune kjem for tur, og det er krav i kontrakten om at alle gangfelta skal vere reparert innan skulestart den 18. august, fortel ho.
Slitasje
Det er klart at det varierer kor slitne gangfelta blir på ulike vegstrekningar. Der det er mykje trafikk, held dei kortare. Dette er også antakeleg årsaka til at dei knapt er synlige på Frakkagjerd, påpeiker Stokkebø.
Ho fortel vidare at dei er takksame for meldingar om reperasjonsbehov.