Gratulerer med dagen

17. mai er på mange måtar ein vekkar for mange av oss. Me bur i ein del av verda kor me faktisk treng å bli vekka ein dag og to i året, og faktisk bli påminna kor heldige me er.

I år har me markert at det er 70 år sidan slutten på 2. verdskrig, og minna er for mange sterke. Når ein les eller høyrer skildringar frå den tida skulle ein tru det var i oldtida. Er det muleg i eit opplyst samfunn å drive med slikt?
Svaret er ja. Ingen deler av verda er trygg, det er konfliktar, krig og overgrep i full skala også i 2015. Religion og diktatur held framleis liv i utallige krigar, og ha det trygt og godt, er berre å finne i nokre svært få land.
Noreg er framleis eit av dei landa, og sundag kan me nok ein gong tørke støv av flagg og bunadar. Me kan fritt gå rundt og rope hurra.
17. mai i Noreg er noko heilt spesielt. Vår måte å feire oss sjølv på er på mange måtar unik. Der andre vel å vise fram militær styrke, hentar me fram flagg og viser vår glede med barnetog og festtalar.
Den festtalar på sundag som ikkje klarer å finne fram noko positivt i Noreg også denne 17. mai, har ikkje følgt med i timen. For sjølv om det stadig kjem nye utfordringar, ser det ut til at me klarer å takle dei. Me bur i eit land der me tar grep, og står saman også i vanskelege tider.
For det er fleire i år enn på lenge som møter nasjonaldagen med mørke skyer over arbeidsplassen, eller som må sjekke kontoen ein gong til, før dei kan kjøpe seg det dei vil. Slikt går i bølgjer og slår ofte hardast ut for dei unge. Dei som skal bygge framtidas Noreg.
Likevel er den største rikdomen me har i landet ikkje kroner og øre. Det er fridomen, retten til å velje og til å meine det ein vil. Til hausten er det eit nytt lokalval. Då kan alle som er gamle nok vere med å påverke korleis Tysvær skal sjå ut i framtida.
Då kan me tydeleg seie i frå om me vil ha det som nå, eller ønskjer eit nytt Tysvær. Me kan stemme på dei me vil utan å måtte vere redde for vårt eige liv. Det gir kvar og ein av oss ei makt, som mange rundt om i verda misunnar oss langt meir, enn vår økonomiske rikdom.
Eg trur det sterkaste signalet me kan gi verda rundt oss er nettopp på valdagen. Engasjementet på sjølve 17. mai er det ingen fare med. Toget går, ungane får is og festtalane er til å bli stolte av.
Men å vise verda kor viktig demokratiet og den fridomen det gir oss er, det er eit signal me aldri må gløyme.
Lukke til med feiringa over heile Tysvær, og nok ein gong gratulerar med dagen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør