Padlane er eit av felta som får endra vasstrykk i Tysvær neste veke. Arkivfoto: Reidar Nordmark
Padlane er eit av felta som får endra vasstrykk i Tysvær neste veke. Arkivfoto: Reidar Nordmark

Må ta rekninga sjølve

Bebuarar i søre delen av Tysvær må betale fleire tusen for ein reduksjonsventil, ettersom kommunen no aukar vassforsyninga. Dette får fleire til å reagere.

Tysvær Bygdeblad er på besøk på Padlane-feltet ved Førland, der me snakkar med frustrerte naboar, som reagerer på at kommunen utan vidare kan pålegge dei ekstrautgifter.
– Me har aldri hatt noko problem med vasstrykket vårt. Det er klart me skjøner at det er annleis for dei som bur meir i høgda, men at heile nabolaget her no får auka trykket, og sjølve må betale for å redusere det igjen, slik at installasjonane våre ikkje blir øydelagt, skjønar eg ikkje, seier Harry Leirvoll, som saknar betre informasjon frå kommunen.
Eige ansvar
Det var for ein knapp månad sidan, at innbyggarane i sørdelen fekk brev i posten, der kommunen informerte om vasstrykkendringa på 1,5 bar.
«Vassforsyninga i søre delen av Tysvær, inkludert Sagbakken-Førland-Padlane, vil få auka vasstrykk frå 20. mai 2015. Vassforsyninga blir med dette forbetra i området. Auken er på 1,5 bar (kilo).
Det er huseigar sitt ansvar å ha rett vasstrykk i forhold til installasjonar i huset…», er noko av det som står i brevet.
– Eg reknar med at kommunen har sitt på det reine her. Men eg skjøner ikkje korleis dette betrar vassforsyninga. Her er det mange som allereie er i grenseland med tanke på trykkstorleiken som er anbefalt på elektriske installasjonar, som for eksempel vaskemaskinar…, seier leiar i velforeininga på Padlane, Jan Johansen.

Les heile saka i papirutgåva.