Andreas Petersson kjem til Tysværtunet 29. mai. Då vil han presentere ny og sjølvlaga musikk.
Foto: Morten Espeland
Andreas Petersson kjem til Tysværtunet 29. mai. Då vil han presentere ny og sjølvlaga musikk.

29. mai klokka 11.00: Gratis lunsjkonsert

Andreas Petersson har latt seg inspirere av «dei store» og tar med seg heilt ny musikk til vår gratis lunsjkonsert i Tysværtunet i dag.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Petersson har tidlegare reist rundt som trubadur og spelt saman med bandet sitt «Lausungane», men nå er det noko heilt nytt som skal presenterast på vår populære lunsjkonsert. Inspirert av Neil Young og Bob Dyland vil han teste ut fleire av songane, som han har skrive til plata «Brevkurs» som kjem ut 2. juli.

– Eg ser fram til å teste ut ein del nye songar på publikummet i Tysværtunet. Eg kjem aleine med gitaren og skal spele seks songar, som eg trur passar for alle som likar melodiøs musikk. Kva sjanger det er veit eg ikkje heilt, men eg er inspirert av Neil Young og har lytta mykje på Bob Dyland så ein stad i det landskapet er eg vel, seier Petersson.

11.00

Denne gongen startar lunsjkonserten klokka 11.00. Grunnen til det er at kollegaene på Frakkagjerd ungdomsskule skal få sjansen til å vere med på konserten.

– Eg har jobba med nytt materiale ei god stund nå og bruker eit par månader på kvar song. Men eg har mange idear samstundes, og det kjem stadig opp noko nytt. Det er både pluss og minus med det å vere aleine på scenen. Saman med bandet mitt er det ein tryggleik, men samstundes har eg fleire mulegheiter til å variere når eg er aleine, seier Petersson.

Me har fått høyre ein del av det Petersson har gitt ut tidlegare og det er spennande saker.

– Er det feil å seie at det er fint?

– Fint og fint. Ja, det er kanskje det for det meste er i det melodiøse landskapet. Litt viser i den eine enden og country/folk i den andre. Det er musikk kor ein kan sitte og slappe av og lytte.

– Korleis er det å få spele live for tida?

– Slike konsertar som dette er gull for oss som driv med musikk. Det er ikkje mange slike scenar igjen og det saknar eg. Det å få spele eller gå å lytte til slike konsertar burde vore eit større tilbod. Så når denne sjansen dukka opp greip eg sjansen med ein gong.

– Kor viktig er det å spele live?

– I dag kan alle som vil gi ut musikk frå kjellaren kor dei øver. Nettet har opna for utallige mulegheiter. Likevel vil dei aller fleste spele live og då er det ikkje lett å sleppe til. Når eg har gitt ut plata mi, som blir i Egersund, så håper eg det dukkar opp ein mulegheit også her i Tysvær for ein full konsert. Det er eit par stader det er muleg å få sleppe til, så me får sjå kva me får til, seier Andreas Petersson.

Snart sommar

Andreas Petersson er nest siste lunsjkonsert før ferien. 12. juni kjem Okersol og speler på opningsdagen av Midstommarfesten. Eit par av artistane som kjem etter ferien er også i ferd med å dette på plass.