Aksdal mot Frakkagjerd

17. mai var Bygdebladet på plass på festplassen i Aksdal. Der møtte me feststemte folk frå heile distriktet. Praten gjekk og me snakka om bunadar og korps. Men mest av alt om kvifor det ikkje har skjedd noko i og rundt kommunesenteret, i krysset av dei to europavegane.

– Kva trur du Kvalavåg? Kjem det til å skje noko her, spurte ein utflytta tysværbu, heime for å feire nasjonaldagen.
Det er svært freistande å svare nei om det er dei store planane han ventar på. Det er freistande å svare nei på det meste når det gjeld Aksdal. For det dukkar stadig opp nye motsegner, som både utsett og krympar dei ønska prosjekta. Reguleringsplanar, som skulle vore klare for lengst, er inne i ein ny utsettingsperiode, og det blir garantert ikkje gjort nokon politiske vedtak på denne sida av sommaren.
Problemet er, og blir, tilknytinga til E134. Det å få til handel på sørsida av vegen ser ut til å smuldre heilt vekk. Nytt fokus skal vere å få til mest muleg på den sida av vegen kor dagens senter ligg. Fortetting, fortetting og atter fortetting er argumenta frå fylket, som har mykje dei vil seie i denne saka. Det betyr at den omtala trekanten i vest for dagens Aksdal Senter, nå står fram som det einaste og realistiske arealet for eit eventuelt nytt senter. Korleis det skal sjå ut, og kor stort det kan bli, er det fleire ting som er med og avgjer. Mellom anna kor mange kvadratmeter med handel Tysvær skal få lov til å utvikle i dette området, som også inkluderer Frakkagjerd.
For nå seglar Frakkagjerd opp som den store stygge ulven for dei som har planar i Aksdal. Som me har hatt reportasjar om tidlegare, ser mange verksemder stort potensiale på Frakkagjerd, og er meir enn viljuge til å investere store summar der. I verste fall kan dette bli som kappløpet mellom haren og skilpadda. Om det ikkje skjer noko i Aksdal på, la oss seie, fem-seks år, ja så kan skilpadda Frakkagjerd smyge seg forbi, og få etableringar som ein trudde skulle hamne i Aksdal.
Det som kan redde Aksdal er at Frakkagjerd har nokre av dei same trafikale utfordringane som i Aksdal, om enn i ein anna økonomisk målestokk. Men det er inga hemmelegheit at Frakkagjerdvegen og tilkomsten til E134 neppe blir nemnt i festtalar på Vegvesenet sitt julebord. Der må noko gjerast, før ein i det heile tatt treng å drøyme om meir næring, bustadutvikling og ein eventuell skuleutbygging.
Så da blir det nok ein gong eit politisk lodd. Kven tør å utfordre Aksdal med nye tankar om ei utvikling og fortetting av Frakkagjerd. Kven tør legge planane for Aksdal i ei skuff og seie; dette fekk me ikkje til. Kven tør ringe Aksdal Senter Utvikling å seie det same.
Svaret er dei tøffaste.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør