Slik såg det ut på Vålerbanen for 14 dagar sidan. Nå vil Bjørn Tvedt (i kvit bil) forbi Olav Rygge og opp på toppen av pallen.
Foto: RACEFOTO
Slik såg det ut på Vålerbanen sist det var NM runde der. Nå vil Bjørn Tvedt (i kvit bil) forbi Olav Rygge og opp på toppen av pallen.

Ny stor racinghelg på Rudskogen

Arild Riise og Bjørn Tvedt er på veg til Rudskogen og ein ny runde i racing-NM. Begge kan hamne på pallen med fullklaff.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Det var ein overraskande start på årets sesong på Vålerbanen for 14 dagar sidan. For Bjørn Tvedt kom overraskinga i det han kom heim og gjekk gjennom loggen til bilen.

– Der var det fleire ting som uroa meg. Turbotrykket blei svekka gjennom helga og eg tapte omlag 0,4 bar. Det er mykje i ein slik bil og utgjer mellom 40-50 hkk. Eg har ingenting å gå på når det gjeld effekt, så dette har skapt hovudbry dei siste dagane. Nå har me bytta ut ein del følarar og så får me teste på Rudskogen i morgon, seier Tvedt.

Regn

Det er meldt om regn på Austlandet til helga.

– Er det ein fordel?

– Eg likar best å kjøre i fint vêr, men har gode erfaringar og resultat på vått underlag. Det blir tre spennande finalar og det skal bli ekstra spennande å sjå korleis det står til med konkurrentane, seier Tvedt som ligg på 2. plass i NM så langt.

Sverige

Medan Tvedt har grubla heime i garasjen så har Arild Riise vore på ein aldri så liten «Harrytur» til Sverige.

– Det gjekk ein del delar sist, og nå har me vore langt inne i dei svenske skogane og henta det me trengte av delar. Både fronten og bremsane trengte ein del, så nå begynner jobben med å få alt på plass. Siste test gjer me i det avisa di kjem i postkassen på torsdag. Så er det strake vegen til testing på Rudskogen. Me går for ei helg med minst muleg uhell. Det treng me nå, seier Riise som hadde meir

enn nok å stri med sist, etter ein god start og pallplassering.

Og førlandsbuen har lov til å tru på Porschen sin.

– Me veit kva bilen kan når alt fungerer. Så om me får alt på plass, så går me for gull på Rud- skogen, seier Riise.

Audi TT

Det som skulle bli ein duell mellom Tvedt sin Seat og ei rekkje med Porscher på Vålerbanen, hamna i skuggen av ein lynkjapp Audi TT.

I brørne Solberg-land på Spydeberg tar Olav Rygge telefonen hos Møller Bil når me slår på tråden.

– Det går mykje i Audi og eg begynner å bli skikkeleg nøgd med TT-en. Det er ein vanskeleg bil å bli kjent med og i fjor bar resultata preg av det. Men mot slutten av fjoråret lausna det og eg fekk gode resultat. Nå har eg blitt endå betre til å kontrollere bilen, noko som gir svært gode resultat. Det handlar om å stole på bilen og det trengs ein del tid før ein er der, seier Rygge.

Han har vore ein del av norsk motorsport i mange år. Nå har

han funne seg til rette i racing- klassen.

– Eg høyrte det var så mykje krangling i denne klassen at eg lurte på om det var noko for meg. Så viser det seg at det er heilt topp. Typar som Bjørn og Arild er svært sympatiske og vil alle berre godt. Så er dei knallgode sjåførar som gjer at det blir jamne og spennande løp. Bjørn er nok den aller beste føraren me har i denne klassen. Eg har nok den beste bilen, og då er alt perfekt for ei ny spennande racinghelg. Eg gleder meg, men vil ikkje ha regn, ler Olav Rygge.