Men hans 2-1-skåring blei utlikna sekundar etter. Klabb og babb i Stegaberg-forsvaret gjorde at ballen trefte handa til Ådne Nærheim. Straffe og 2-2.
– Me har vist at det er skikkeleg guts i laget og gav ikkje opp. Dermed blei det Vemund Eskevik som avgjorde det heile og me rydda unna i sluttminuttane, seier trenar Thormod Ness.
– Kva tenker du om sju sigrar på rad og topplassering?
– Me er der fordi me står saman som lag. Dette er resultat av satsinga me har hatt på å bygge noko saman i laget. Trur ikkje me skal begynne å feire noko som helst,
– Herleg?
–Utruleg herleg at me klarar å stå på heilt inn og vinne slike kampar. Spesielt når mange av dei andre topplaga spelte uavgjort i går, seier Ness.
Askeland og Espen Tørresdal var best på eit jamnt Stegaberg.
Tabellen:
Lag – kamper – poeng
5. div. avd 3
Stegaberg 8 21
Sauda 8 17
Ølen 8 14
Leirvik 8 14
Etne 8 11
Falkeid 8 10
Ferkingstad 7 10
Nord 8 9
Karmsund 8 8
Vedavåg 2 7 7
Kopervik 2 7 7
Skånevik IL 7 1
Faktaboks
Stegaberg 3 (1)
Nord 2 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Espen Tørresdal (33)
1-1 Håkon Norheim (46)
2-1 Kristoffer Askeland (56)
2-2 Morten Lillesund (str 58)
3-2 Vemund Eskevik (74)
Domar: Artan Vuki, Vard
Tilskodarar: 50